tirsdag 24. februar 2009

Ein heilt vanlig tirsdag

Været i dag minner ikkje så mykje om vinter. Regn og grått . Litt kaldt også, så det er godt å ha ein god "veaovn" i stova. Men det er forhåpentligvis ikkje så alt for lenge før våren er her. Og med påfølgande sommar, sol og varme.

På ein heilt vanlig tirsdag er det karate som står på programmet (for Anna). Ho har trent karate i litt over eit år no, og har belte med to gule striper. Entusiasmen og interessene er variabel, men ho har likevel lyst å til slutt greie svart belte.

Vinterferien rykker stadig nærmare. Martin har hatt "oppvarming" i dag, med skidag til Furedalen (på Kvamsskogen). Været har vel ikkje vore det aller beste, men det virka som dei hadde hatt ein OK tur. Største problemet var vel skoa som strengt tatt er eit nr for små (vekker dårlige minner fra eigne turar i for små ski-sko.... not good). Så anten vi likar det eller ikkje, guten må få seg nye sko. Og til før vi kjøper dei, til fleire ganger får han brukt dei - før det igjen blir skiturar med for småe sko. Ikkje sant?

søndag 22. februar 2009

Tida går -

Det er ikkje alltid like lett "å få tid" til alt slag heller. No har vi akkurat sett gjennom bilder fra ferien 2008. Må innrømme at kameraet først vart tømt dag. Ein ferie som var delt mellom hytta på Golsfjellet og telt ferie gjennom Sverige og over til Danmark. Vi berre måtte prøve alle bruene. Det var heldigvis fint vær da vi kryssa dei. Men er er ikkje brått sikker på om eg ville kryssa Øresundbroa i skikkelig uvær! Kan tenke meg at det svingar meir enn eg likar.
Sjølv om det no er ei stund sidan, så er det kjekt å sjå gjennom bilda. Huskar du ditt og huskar du datt. Ikkje alle er like enige om alle detaljane -men dei store linjene er vi i hovedsak eninge om.
No er det berre å begynne å få "up to date" bilder å jobbe med også. Både første og andre skritt er jo allerede tatt. 1: Få PC'en tilbake fra hard-disk kræsj og 2: tømme kameraet.

lørdag 21. februar 2009

Ein vanlig kveld?

Ein heilt vanlig kveld...... far framfor TV'en, mor jobbar, ungane - ja kva driv no dei på med? Nei da, det stemmer ikkje heilt. Har egentlig full kontroll. Ungane spring litt til og fra TV'en - det er jo Grand Prix kveld. Mor i huset har endelig fått ordna PC'en som fikk sammenbrudd i høst, og driver med mykje "etterutdanning". Både facebook og blogg i løpet av ei veke!!! Ikkje verst! Men det er no litt artig og da.


Og så må det prøvast med litt bilder også - ingen eigne enno, men det kjem, det kjem. Blir sikkert ein del prøving og feiling til å begynne med. Starta med å skrive feil i blogg-navnet (eller URL-adressa som det vist nok heiter). Pytt,pytt så lenge eg veit om det, så funkar nok det og. Litt startvanskar er jo slikt ein må rekna med.



I dag har bortimot all snøen regna vekk. Vi har faktisk hatt ekte vinter (= snø og kuldegrader) i over to veker.

Oppstart.....

På denne sida vil vi prøve å holde famile og venner rundt omkring, men spesielt "heime" i Årdal, litt oppdatert på kva vi driver med sånn til daglig i Bergen.