fredag 31. juli 2009

Long time, no blogg...

Ferietid og avslapping, og ingen nett-tilgang på hytta... Kjekt med unnskyldningar, bortforklaring, eller er det rett og slett mangel på overskudd (les: fantasi)? No er eg iallefall tilbake for fullt. Siste innspurt av ferien pågår. Martin går her og trippar, vi skal på Ikea.Rommet hans skal oppgraderast fra gutt til ungdom (lurer på kva som er forskjellen.....) Største diskusjonen har gått på størrelsen på senga. Men der var mor og fars vilje sterkast (eller er det fordi det er vi som betalar?), så det blir ei vanlig 90 seng. Skulle berre mangle, han er berre 12!

Vi kom heim fra ferie i går kveld, Anna er igjen i Øvre. Og har det "egentlig veldig bra" som ho sjølv sa det i dag. Forutan ein tur til Oslo (med innlagt besøk på Tusenfryd), og ei helg med 40-års feiring i Årdal, har vi vore på hytta heile ferien. Og fått gjordt ein del forefallande rydding og nødvendig vedlikeholdsarbeid (les: ny TV og skikkelig antenne). Anna har fått sin første fisk på eiga fiskestang, den var på ca 240 gram. Fangsten blei heller skral for far og storebror. Om mor fiskar, nei. Eg har ikkje fiskestang eg.....

Ellers var vi som sagt i Oslo. Overnatta på Plaza, og det er jo ikkje akkurat byens beste strøk. Martin er iallefall klar på at til Oslo skal han ikkje meir enn høgst nødvendig. Vi hadde rom med utsikt direkte til eit av Oslo's narkostrøk. Og dei såg jo litt av kvart når vi gikk til og fra. Men kanskje det har prevantiv virkning! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko - ikkje sant. Oppsummering fra ferien kan fort bli lang og kjedelig, nøyer oss med å fortelle at vi var på Heimevernsmuseet, Operaen, Tusenfryd,Teknisk Museum (det var ein einaste stor positiv opplevelse), Tryvann, Frognersetra. Vi var på Grini, som i dag er Ila Landsfengsel. Anna var litt usikker når vi fortalde at jo, det er "ordentlige" fangar som sitter bak den muren. Både tjuvar og mordarar.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar