Kunne vore overskrifta, dersom vi hadde vore ute i dag. Var nett ute i dag tidlig å henta avisene. Etter det har Anna og mamma stort sett gjordt ingen ting. Men vi har sett ein god del filmar i dag. Hadde store planar om både Hordnesskogen og Siljustøl, men valgte å holde oss inne. Det regnar ikkje berre litt i dag, men ein heil masse.
"Gutane" i familien har vore i Årdal i helga, (er i skrivande stund på veg heim), og forhåpentligvis har dei med seg eit lass med LP'ar tilbake. Har nemlig gått til innkjøp av platespelar. Ungane var litt usikker på korleis dette funka, Martin "trudde kanskje han hadde sett ein slik på film ein gang".
Vi to "jentene" har - forutan å sjå x-antall filmar - vore på serieturnering (i går). 3 kampar unnagjordt på to timar. Det passa fint i regnværet. Resultatet blei ein seier og to tap. Tap og vinn med samme sinn - det regna stort sett heile tida, men vi var overraskande tørre når vi kom heim.
No er skulen begynt igjen, litt nytt for Martin. Dei er fem 7-klassa, og no er dei begynt å dele dei inn i grupper. Ei gruppe fra kvar klasse er samla opptil fleire timar i veka. Trur han synest det er OK. Anna og dei er no dei eldste på skulen sin, det blir dei forhåpentligvis til dei er ferdig i 7.klassen. Utbygginga av skulen går heilt etter planen, slik alt ny skule står ferdig til skulestart i 2010.
Ellers går no dagane som "vanlig", med skule, jobb, fritid og alt det der. Prøver å få med oss litt turar i helgane, men det er ikkje like lett heile tida. Unnskyldningane er mange for å holde oss heime. Men vi (eg) har starta, så siste veka har eg vore to ganger på Fløien og to ganger på Løvstakken. Må vel ta med at den eine gnagne på Fløien var med bana både opp og ned. Siste gang på Fløien var mor med også, og da vi kom heim var resten av "gjengen" reist på Ulrikken. Så vi satt ein time på trappa vi. Neste gang huskar vi nok på å ta med nøkkel!
Men no trur eg faktisk eg skal kle meg og gå ut i regnet. Finnest ikkje dårlig vær, berre dårlige klær....
søndag 30. august 2009
tirsdag 11. august 2009
Litt oppdatering.....
Så var det tilbake til "striskjorta og havrelefsa"..... Om ikkje for fullt enno, så iallefall nesten. Martin og Anna er fremdeles på ferie - dei kjem heim torsdag. Og så avsluttar dei ferien sin med konsert. Vi skal på "Halleluja-gutta" (Lind, Nilsen, Holm og Fujentes(?)) på Bergenhus Festning på fredag. Det blir Anna sin første konsert, så det skal bli llitt spennande kva ho synest om det.
Sidan sist har det vore Målrock. Vi skulle vore 6 stykker som reiste fra Bergen men blei berre to. Det er jo fereitid, så det er ikkje like lett heile tida å få det til å gå ihop. Artig var det no lell. Er ikkje godt å sei kva som var kjekkast, musikken eller det å treffa igjen mange gamle kjente. Til og med været var bra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)