tirsdag 11. august 2009

Litt oppdatering.....

Så var det tilbake til "striskjorta og havrelefsa"..... Om ikkje for fullt enno, så iallefall nesten. Martin og Anna er fremdeles på ferie - dei kjem heim torsdag. Og så avsluttar dei ferien sin med konsert. Vi skal på "Halleluja-gutta" (Lind, Nilsen, Holm og Fujentes(?)) på Bergenhus Festning på fredag. Det blir Anna sin første konsert, så det skal bli llitt spennande kva ho synest om det.

Sidan sist har det vore Målrock. Vi skulle vore 6 stykker som reiste fra Bergen men blei berre to. Det er jo fereitid, så det er ikkje like lett heile tida å få det til å gå ihop. Artig var det no lell. Er ikkje godt å sei kva som var kjekkast, musikken eller det å treffa igjen mange gamle kjente. Til og med været var bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar