lørdag 12. september 2009

Siste nytt mellom regnbygene....

Slik går no dagane, med litt solgløtt mellom alle regnbygene. Og akkurat no har vi eit slikt lite gløtt (skal tru kor lenge det varar?). Lørdag og fridag (?) med ein heil masse som skulle vore gjordt - men blir det gjordt. Nope ! Det er alltid så masse anna å finne på......

Akkurat no ligger Martin og Jim på golvet (riktig) og leikar seg med kvar sin tanks. Rop og hyl og leven fra ende til annan. Nesten så ein vurderer å finne på noko utomhus. Men tanken på alt det andre som skulle vore gjordt får ein til å bli sittande inne, og gjøra "ingenting"

Anna er på besøk hos ei veninne, undertegna har vore ein rask tur inn til by'n. Henta bilettar til "Brødrene Løvhjerte" til Anna og meg. "Brødrene Løvhjerte", "Åge Aleksandersen", Anne Kath., "Mascarade" og "Vestlandskoret synger Abba" - vi får vår dose kultur i løpet av høsten. Og så har vi "Annie" oppe til vurdering. Oppi alt dette skal Matin ta "Grønt kort" (golf) og Anna har igjen iallefall 3 fottballturneringar før det blir jul. Ein smule hektisk kan du sei.

I kveld skal Martin i bursdag, ifølge han skal det serverast sushi. Mor i huset er litt skeptisk, både til om det skal serverast og korleis det går. Så det spørst om ikkje det må serverast kveldsmat i heimen før han reiser...

Ja, ja - seier no eg.....