torsdag 15. oktober 2009

Long time, no see (eller noko sånt)

Det er ikkje alltid like lett å finne tid (og inspirasjon?) til blogging. Skal jo liksom vere litt fornuft i det og da.....

Sidan sist har vi hatt høstferie, eller det blei vel kanskje vinterferie. Låg 20 cm med nysnø utanfor da vi kom på hytta. Mørkt var det og. Telenor skal tjene peng dei, og når kontantkortet til "Ring hytta varm" ikkje hadde vre nok i bruk, så stengte dei like godt abonnementet dei. Og som om ikkje det var nok så måtte vi ha nytt SIM-kort også. Resultatet blei at det var +6 grader inne i hytta og -2 utanfor da vi kom fram. Det gikk heldigvis fort å få opp varmen innandørs.

Martin har tatt grønt kort (manglar "oppspeling") og er blitt ein ivrig golfar saman med Jim. Anna og eg har også prøvd, men dette er ikkje noko for meg. Ballen vinner heile tida! Og det likar eg ikkje (dårlig tapar kanskje?). Eg får holde meg til tilskuarplassen tenker eg.

Dagane går no i eitt - Martin klaga litt i dag, han synes tida går for fort. Spesielt på morgon - lurer på kvifor det? Hausten har gått utan dei store sjukdomsutslaga (Bank i bordet). På den kulturelle fronten har vi vore ivrige i haust. Vi har fått med oss Brødrene Løvhjeret, Annie og Åge Aleksandersen konsert. Ikkje alle sammen på alt, men totalt sett ein kulturell familie. No på fredag er det Anne Kat. show som står for tur. Om vi får kabalen til å gå opp.

Ein anna "snakkis" er været. Denne veka har det vore eit aldeles nydelig haustvær. Sol og blå himmel kvar dag. Nesten så vi ikkje huskar regnet lenger (ha, ha). Men det kan eg fortelle om neste gang.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar