mandag 25. januar 2010

Januar 2010

Tida går fort, iallefall når det er så mykje ein skulle ha gjordt..... så istaden for å gjøre alt det eg skulle ha gjordt, setter eg meg ned å gjør alt eg ikkje skulle ha gjordt.

Skulle så absolutt å trimma og trena, men det er så mykje bdere å sitte framfor TV'en. Som endelig blei skifta ut her i nyttårs-salget. Ut med den gamle, store, uhåndterlige 28" og inn med ein snerten flat liten sak på 37". Akkurat passe stort for stova vår.

Sidan sist er det komme massevis av snø, den kom faktisk før jul og ligger her enno. Martin måka altanen tom for snø i går. Vi fann ut at det kunne vere på tide før det begynnar å smelta (sjølv om det ser ut til at det kan ta si tid) og renner/drypper ned framfor inngangsdøra. Og til "riktig" pris så blei altanen måkt den.

Anna er begynt å spele håndball, og det er jo "min" idrett da. Iallefall kan eg meir håndball enn fotball. Ho har enno ikkje vore med på kampar, men det er ikkje så lenge til det skjer. Om det da ikkje kolliderar med fotballturenringar -igjen. Det har allerede vore to turneringar no i januar. Og fleire kjem det utover våren. Pga snø på bana så har det ikkje vorte så mykje trening på dei enno.

Ellers går alt fint, alle er friske og raske og stort sett i godt humør. Anna har nok merka kulden på pusten sin, men det har gått greitt det og. På dei kaldaste dagane har ho måtta vore inne.

Men no satsar vi på at våren kjem snart vi.....