torsdag 12. mars 2009
Snart helg - helgeværet
Dette er Hemsedalsfjellet fredag 27.februar om kvelden. I -12 grader
Været, det er alltid masse å sei om været. Denne veka har vi hatt både eitt og hitt med vær. Onsdag morgon f.eks så var det klink is i vegane. Så da blei det buss og ikkje sykkel til skulen for Martin & co. I løpet av dagen snudde været, og det blei riktig så vårlig og fint. I dag var det igjen åpne sluser og masse nedbør. Og det været har vi enno høyrer eg! Men det skal bli letter - etterkvart blr det sagt.
Det er no stille og rolig i huset. Anna sover, sliten etter dagens fotballtrening. Heldigvis innandørs på torsdagane. Martin sitter og leser i ei nyinnkjøpt bok. Ellers blir det ikkje utøvd dei heilt store aktivitetane. Vi er vel i helgemodus alle saman.
Årdal -Tyin tirsdag 03.mars sånn midt på dagen
Martin sliter litt med ein fot, han klatra litt for mykje rundt omkring i vinterferien. Det har resultert i ein plagsom hæl. Han må no ta det med ro i to-tre veker, og så får vi håpe det rekker med det.
I helga er det seriestart i fotball, så no blir det spennande framover. "Vi" har jo ny trenar av året, og det kan bli riktig så spennande..... håpar vi!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
det er ei spennande bok (norges hemelige krigere) og eg trenger noke og jera nor eg nesten ikkje kan gå!!!!!!
SvarSlett