lørdag 21. februar 2009

Ein vanlig kveld?

Ein heilt vanlig kveld...... far framfor TV'en, mor jobbar, ungane - ja kva driv no dei på med? Nei da, det stemmer ikkje heilt. Har egentlig full kontroll. Ungane spring litt til og fra TV'en - det er jo Grand Prix kveld. Mor i huset har endelig fått ordna PC'en som fikk sammenbrudd i høst, og driver med mykje "etterutdanning". Både facebook og blogg i løpet av ei veke!!! Ikkje verst! Men det er no litt artig og da.


Og så må det prøvast med litt bilder også - ingen eigne enno, men det kjem, det kjem. Blir sikkert ein del prøving og feiling til å begynne med. Starta med å skrive feil i blogg-navnet (eller URL-adressa som det vist nok heiter). Pytt,pytt så lenge eg veit om det, så funkar nok det og. Litt startvanskar er jo slikt ein må rekna med.



I dag har bortimot all snøen regna vekk. Vi har faktisk hatt ekte vinter (= snø og kuldegrader) i over to veker.

2 kommentarer: