torsdag 28. mai 2009

Litt om kvart

Å blogge forpliktar. Ein må mellom anna holde bloggen oppdatert. Om ikkje kvar dag, så iallefall nesten ofte.

No går det med stormskitt mot sommar (og sol). Eg satsar på ein sommar med mykje sol og bading. Så no har eg investert i ny badedrakt. Den forrige var begynt å dra på åra. Innkjøpt på Westervik (for dei lokalkjente som fremdeles huskar den butikken) for bortimot minst 20 år sidan. Om ikkje meir. Så kan det diskuterast om det er god kvalitet eller lite bruk som er årsak til den høge alderen (sett fra badedrakt synspunkt).

Og så har vi meldt oss på sykkelritt. Hallingrittet - som går på Gols-fjellet 20 juni. Vi startar i trim-klassen (for ikkje å overdrive første gangen). Heile familien skal sykle 2 mil. Det kan bli ein spennande opplevelse - spesielt dagen etterpå...

Ellers har vi ikkje lagt dei heilt store ferieplanane, bortsett fra ein liten tur til Spania i nær framtid. Yr.no har lovt oss fint vær og opptil mange varmegrader. Så vi trenger forhåpentligvis ikkje så mykje meir enn badekle og faktor 30. Det blir ein ny opplevelse for oss, og sidan ingen av oss er overvettes glad i for mykje sol og varme kan det jo bli ein utfordring i og med att meldingane seier over 30 grader nesten kvar dag.......

Og så er det fotballkamp på TV. Brann mot Molde, og forløpig så ser det ut til å gå vår veg.

søndag 24. mai 2009

Avslapping - eller oppladning?

4 fridagar går fort, det er nesten som du ikkje merkar at dei er der. Men du kan jo sove litt lenger på morgonen. Iallefall kan du prøve - vi vakna nesten til vanlig tid på "himmelspretten". Eller dvs vi blei vekt - av telefonen. Det var Martin som ringde fra leirskulen, og lurte på kva vi dreiv med! Jo, sidan vi har fri så sover vi her i huset. Opsann, nei det hadde han vist gløymt. Han hadde det iallefall kjekt i Balestrand. Og no sneik han seg til å ringe før frokost og alle andre aktivitetar.

Da han kom heim dagen etterpå var han totalt utslitt, og sov i bortimot 4 timar på ettermiddagen! Det tar på å vere på leirskule, med fisking, båtliv og sjøluft heile dagen. Sognebåten var inne på Strandkaien 11:45, så i forbindelse med henting av 1 stk utslitt 6.klassing tok Anna og mor i huset ein liten bytur også. Tidlig opp og med bussen inn til by'n. I akkurat sånn passe "åpningstid tid". Favoritten denne dagen var sjokoladebutikken som ligger i inngangen på "Galleriet".

Eller var Marit innom ein tur på fredagen. Ho går 7-fjellsturen i dag. Vi berre snakkar om at vi skulle ha gjordt det. Får sei som vi har sagt tidligare år - til neste år går vi. Iallefall 4-fjellsturen. Det er berre det at den kjem så brått på kvart år......

Familietrimmen denne helga får vere fotball. Anna sitt lag har hatt serieturnering igjen. På Liland denne gang. Været blei bedre og bedre utover dagen, noko som ein rød skalle vitnar om. Solkrem? Kva er no det? Anna var med på 6 kampar, og resultatet blei 3 tap og 3 sigrar. Neste no blir Vossacup 12 - 14 juni. Slik at vi rekk å hente oss inn att....

tirsdag 19. mai 2009

Ein heilt vanlig tirsdag

I dag er det heller stille og rolig i heimen. Jim er på reis (hadde nær sagt som vanlig), Martin er i Balestrand på leirskule og Anna er nett innkommen etter ein tur i ballbingen. Og no sitter vi no her i kvar vår stol og gjør på lite og ingen ting.

Anna har hatt besøk med heim fra skulen i dag, dei likte godt pannekakene laga på rømmegrautrester. Det er karate-fri i dag. Trenaren har ferie (til Anna sin store glede).

17-mai gjenomførte vi med stil. Stressopplegg er og eit ord vi kan bruke om dagen. Mor i huset kom heim med store blemmer under begge beina, her var det berre å finne fram nåler, grønsåpevatn og plaster. Men ungane hadde det kjekt, så da får eg berre tole litt blemmer og slikt. To tog gikk vi i - delvis. Martin var ikkje med ut på formiddagen. Ein ting var at han måtte ha på seg dress, men å gå i første toget (fra Skjold til Nestun) - der gikk grensa. Sola forsvann utpå ettermiddagen, men temperaturen var fin den. Så vi kosa oss på benken på Skjold vi. Saman med naboane. Vi har nesten fast plass der nede vi no.....

Men i går var kvardagen tilbake. Plask, plask heile dagen! Litt bedre i dag - heldigvis. For klassen til Anna ha vore på gårdsbesøk i dag. På Langegården - og sett på sauer, høner, gris og hest. Og så fikk dei kjøre hest og kjerre. Det var to fornøgde jenter som kosa seg med middagen.



tirsdag 12. mai 2009

Den tida, den tida.....

Tida går så fort no for tida at ein rekk nesten ikkje nokon ting. Er det ikkje eitt som skjer, så er det hitt. Og no er det snart 17 mai. Vi er vist lovt fint vær, og det har vi jo ikkje ilt av. Etter påske har vi hatt meir eller mindre fint vær heile tida. Iallefall om vi gløymer forrige veke med opptil 4 årstider pr dag.

Sidan "sist" har vi vore ein tur til Årdal og "feira" både 1.mai og bursdagar. Vi har hatt besøk av eit par besteforeldre, vore med på turløpet "Lysøen Rundt" og ellers alt som følger ein heller travel kvardag.



Og no fikk også bestemor på Hæreid oppleve Lysøen. Anna på si side er litt småfrustrert over at "ingen" veit kor Lysøen er. Men det er altså øya til Ole Bull. Da blei ho desto meir fornøgd med at ho vann på startnummeret. Mega kry blei ho.

Vi har også fått med oss "Annie-oppsetning" på klassetrinnet til Anna. Dei er rett og slett kjempeflinke! Alle skulle stille i "gamle kle" (alt er jo relativt...), så Anna var dressa opp i skjørt og vest etter mor si. Som mor mi sydde til meg da eg var 12 år gammal. Tydelig bevis på at eg har vore liten ein gang eg og.

Årets første tryning på sykkel har vi også vore innom. I dag ligger Martin heime med eit sterkt forslått kne, og eit litt mindre forslått kne. Og det kan sjå ut som han må få ny hjelm. Men det er kjekt å sjå at dei tek vare på kvarandre også i 12-års alderen. Det var kompisane hans som ringte og varsla ho mor. Dei var på veg til skulen da uhellet var ute, så Martin måtte hentas.

Anna fikk da sin "deby" som ansvarlig for å komme seg på skulen. Det greidde ho fint - ho gjorde alt ho hadde fått beskjed om. Og sidan mor i alt stresset gløymde å nevne ta med nøkkel og lås døra, så var døra selfølgelig ulåst og nøkkelen låg igjen heime. Men ho kom seg avgårde iallefall.