torsdag 28. mai 2009

Litt om kvart

Å blogge forpliktar. Ein må mellom anna holde bloggen oppdatert. Om ikkje kvar dag, så iallefall nesten ofte.

No går det med stormskitt mot sommar (og sol). Eg satsar på ein sommar med mykje sol og bading. Så no har eg investert i ny badedrakt. Den forrige var begynt å dra på åra. Innkjøpt på Westervik (for dei lokalkjente som fremdeles huskar den butikken) for bortimot minst 20 år sidan. Om ikkje meir. Så kan det diskuterast om det er god kvalitet eller lite bruk som er årsak til den høge alderen (sett fra badedrakt synspunkt).

Og så har vi meldt oss på sykkelritt. Hallingrittet - som går på Gols-fjellet 20 juni. Vi startar i trim-klassen (for ikkje å overdrive første gangen). Heile familien skal sykle 2 mil. Det kan bli ein spennande opplevelse - spesielt dagen etterpå...

Ellers har vi ikkje lagt dei heilt store ferieplanane, bortsett fra ein liten tur til Spania i nær framtid. Yr.no har lovt oss fint vær og opptil mange varmegrader. Så vi trenger forhåpentligvis ikkje så mykje meir enn badekle og faktor 30. Det blir ein ny opplevelse for oss, og sidan ingen av oss er overvettes glad i for mykje sol og varme kan det jo bli ein utfordring i og med att meldingane seier over 30 grader nesten kvar dag.......

Og så er det fotballkamp på TV. Brann mot Molde, og forløpig så ser det ut til å gå vår veg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar