Fritt etter Ole Paus "klokka er snart 11, skulle vært et sted klokka 10" - passa godt på oss i dag. Siste kamp for Anna ferdig litt over 11, Karategradering starta kl 10..... det var berre å kaste seg i bilen og haste avgårde til neste arrangement. Anna skulle graderast - Orange 1. Sjølv om ho ikkje rakk første del av treningen, så gikk gradering heilt fint. Ho fikk både nytt belte, diplom og hederlig omtale. Det er skikkelig artig å sjå på dei altså.
Det må innrømmast at vi var rimelig utslitt alle sammen da vi kom heim. Iallefall dei to elste - Anna gikk rett på trampolina ho! Martin ville ikkje vere med oss i dag, han ville heller vere med kompisane. Å vere med oss foreldre er vist på veg "ut". Men sånn er det vel når ungane vekser til.