lørdag 18. april 2009

No er våren her

Påsken blei også i år brukt på hytta. Fine dagar som blei brukt til lite anna enn avslapping og til å ta livet med ro. Også Jim greidde å legga jobben på hylla nokre dagar (ser ikkje vekk fra at grunnen til det kan vere at resten av familien beslagla telfonen hans fra 07 til 17 ¨på kvardagane). Trur egentlig han syntes det var OK han og. 2.påskedag blei brukt i heisen på Storefjell.
Som de ser av bildet blei det ein riktig så fin dag.
Denne veka har vi hatt knall blå himmel og sol kvar dag (så også i dag) - så no er våren definitivt kommen til Bergen. Bjørka er allerede blitt grønn og foreløpig greier vi å holde allergien i sjakk.
I går var Anna i bursdag til ei jente i parallell klassen sin. Ho har vore ein del med nokre jenter fra B-klassen i det siste. Det blir litt som å starte på nytt - å bli kjent med både ungar og vaksne - og å finne ut kor dei bur etc. Klassane er mykje i lag på tvers av "klasse-grensene" så eg veit jo kven dei fleste er. Tidligare i veka kom Anna heim med sitt først sløyd-produkt. Ein fugelkasse. No gjenstår det å finne ut kor den skal hengast opp, diskusjonen går på om det blir her eller på hytta.
Trampolina er no kommen ut av vinteropplag. Første skoen er alt kommen på taket, og ned att.
Eg vil helst ikkje vita korleis den kom ned att - men den kom ikkje av seg sjølv og ikkje ved hjelp av voksne....
Men no vil vi ut og nyta sola og den flotte dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar