søndag 29. mars 2009

Klokka ringer litt tidligare enn vanlig på ein søndag, helst på grunn av sommartid, seint i seng og tidlig opp. Men og at vi skal på skidag. I Eikedalen. Og når ein heil bataljon skal ut av huset samtidig, få med seg pikk og pakk og smått og stort går det ofte ikkje fort nok. Men brått var alle i bilen og turen gikk mot Eikedalen.

Omtrent før Hopstunnelen kom første spørsmål om vi snart var framme. Etter enno ein stund kom dei første meldingane om kvalme og bilsjuke. Det gikk heilt fint til vi var 5 minutt fra målet. Da blei det "brå-stopp" og lett reingjøring. Veit de forresten av det er plass til både det eine og det andre, bokstavelig talt inni døra. Det er utrulig kva som "smetter" ned rundt glaset!

Etter ein kort pit-stopp i vegkanten kunne vi holde fram, og litt etter forventa ankomst var vi på plass. Mor i huset henta heiskort medan far og dei to litt yngre skulle leige ski. Så langt, all vel.

"Desse skoa kvisar meg" - der er vi igang. Nytt forsøk med større sko, denne gang OK. "Hjelmen er alt for stor".... løysinga blir å ha på huva under hjelmen. Ut døra, opp til heisen og på med "instruksjonsnummert". "Eg vil ikkje" - talen er klar. "Du må iallefall ta eit par turar". Etter litt overtalelse og lokking er alt klart. Må berre vente på far i huset, det er han som har heiskortet. "Nei, det ligger i pengaboka, som du nett har hatt ned i bilen". "Mannfolk!" , fresa mor i huset og trampar ned att til bilen. Og opp att i samme tempo. Fikk iallefall jentungen avgårde. Innsatsen var vel ikkje så mykje å skryte av i starten. Kroppsspråket sa det meste. Men ho var i gang.


Etter tilmålte tre turar var det over. No var gode råd dyre. Den lyse ideen var at far i huset også trengte hjelp, men han syntes det var litt flaut. Jentungen tente på ideen om at ho skulle få tak i instruktør, og så kunne far "henge seg på". Deretter gikk det som smurt. Ho fikk ein veldig flink instruktør - og etter eit par turar med følge i heisen greidde ho seg sjølv - der. Det tok litt lengre tid med nedfarten, men det kom absolutt der og. Og snart var ho klar for å kaste "instruksjonsnummert". Blei nesten litt fornærma da instruktøren kom og ville hjelpe ho etter at ho hadde "kasta" nummeret. Ho kunne dette ho, nemlig! Da tida nærma seg for å reise heim att var det "nett ein til tur, mamma", opptil fleire ganger. Og med klare ambisjonar om å bli verdensmestar om nokre år.

Da vi var vel heime, var alle enige om at det hadde vore ein fin tur. Også han som nesten gav mor si hjertestans da han kom i full fart ned ein bakke, med retning "service-teltet". Han tok ikkje hensyn til at det var to år sidan sist han hadde hatt alpin-ski på beina! Det gikk heldigvis bra med både guten, teltet og mora. Vi gledar oss allerede til neste år

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar