mandag 25. januar 2010

Januar 2010

Tida går fort, iallefall når det er så mykje ein skulle ha gjordt..... så istaden for å gjøre alt det eg skulle ha gjordt, setter eg meg ned å gjør alt eg ikkje skulle ha gjordt.

Skulle så absolutt å trimma og trena, men det er så mykje bdere å sitte framfor TV'en. Som endelig blei skifta ut her i nyttårs-salget. Ut med den gamle, store, uhåndterlige 28" og inn med ein snerten flat liten sak på 37". Akkurat passe stort for stova vår.

Sidan sist er det komme massevis av snø, den kom faktisk før jul og ligger her enno. Martin måka altanen tom for snø i går. Vi fann ut at det kunne vere på tide før det begynnar å smelta (sjølv om det ser ut til at det kan ta si tid) og renner/drypper ned framfor inngangsdøra. Og til "riktig" pris så blei altanen måkt den.

Anna er begynt å spele håndball, og det er jo "min" idrett da. Iallefall kan eg meir håndball enn fotball. Ho har enno ikkje vore med på kampar, men det er ikkje så lenge til det skjer. Om det da ikkje kolliderar med fotballturenringar -igjen. Det har allerede vore to turneringar no i januar. Og fleire kjem det utover våren. Pga snø på bana så har det ikkje vorte så mykje trening på dei enno.

Ellers går alt fint, alle er friske og raske og stort sett i godt humør. Anna har nok merka kulden på pusten sin, men det har gått greitt det og. På dei kaldaste dagane har ho måtta vore inne.

Men no satsar vi på at våren kjem snart vi.....

torsdag 3. desember 2009

Snart vinter

Da er det snart vinter, jul og heile pakka. Siste tida har vi egentlig hatt nesten vintervær her i by'n. Berre snøen som mangla. Her har vore sol om dagen (iallefall nokre timar), og kaldt, klart måneskinn om kvelden.
Ellers går no tida innmari fort. Tykkjer det er fredag "i morgon" både titt og ofte. Så det er travelt - rett og slett. Vi har så smått pynta litt til jul (les: pepperkakehus). Resten får vi ta sånn litt etter kvart. Det er jo "lenge" til jul enno (vil gjerne tru det iallefall). No startar både julebord og julekonsertar og skuleavslutning og andre avslutningar. Og innimellom er det andre aktivitetar som fotballtrening, litt golf om været tilseier det. Besøk fra indre strøk av landet. Besøk til indre strøk av landet og "slik går no dagan..."

Vi har holdt oss friske alle sammen i haust. Iallefall sånn stort sett. Det er nett Martin som sliter med øyrene sånn innimellom. Anna er vaksinert mot svineinfluensaen. Vi andre satsar på at vi greier oss som uvaksinerte. Har pr i dag ingen planar om å stille armen til disposisjon for vaksinesprøyta.
Til neste gang ha ein fin dag - eller som han sa i dag - han (Mons Ivar Mjelde) som heldt foredrag for oss på jobben: "Lag ein fin dag!".








torsdag 15. oktober 2009

Long time, no see (eller noko sånt)

Det er ikkje alltid like lett å finne tid (og inspirasjon?) til blogging. Skal jo liksom vere litt fornuft i det og da.....

Sidan sist har vi hatt høstferie, eller det blei vel kanskje vinterferie. Låg 20 cm med nysnø utanfor da vi kom på hytta. Mørkt var det og. Telenor skal tjene peng dei, og når kontantkortet til "Ring hytta varm" ikkje hadde vre nok i bruk, så stengte dei like godt abonnementet dei. Og som om ikkje det var nok så måtte vi ha nytt SIM-kort også. Resultatet blei at det var +6 grader inne i hytta og -2 utanfor da vi kom fram. Det gikk heldigvis fort å få opp varmen innandørs.

Martin har tatt grønt kort (manglar "oppspeling") og er blitt ein ivrig golfar saman med Jim. Anna og eg har også prøvd, men dette er ikkje noko for meg. Ballen vinner heile tida! Og det likar eg ikkje (dårlig tapar kanskje?). Eg får holde meg til tilskuarplassen tenker eg.

Dagane går no i eitt - Martin klaga litt i dag, han synes tida går for fort. Spesielt på morgon - lurer på kvifor det? Hausten har gått utan dei store sjukdomsutslaga (Bank i bordet). På den kulturelle fronten har vi vore ivrige i haust. Vi har fått med oss Brødrene Løvhjeret, Annie og Åge Aleksandersen konsert. Ikkje alle sammen på alt, men totalt sett ein kulturell familie. No på fredag er det Anne Kat. show som står for tur. Om vi får kabalen til å gå opp.

Ein anna "snakkis" er været. Denne veka har det vore eit aldeles nydelig haustvær. Sol og blå himmel kvar dag. Nesten så vi ikkje huskar regnet lenger (ha, ha). Men det kan eg fortelle om neste gang.......

lørdag 12. september 2009

Siste nytt mellom regnbygene....

Slik går no dagane, med litt solgløtt mellom alle regnbygene. Og akkurat no har vi eit slikt lite gløtt (skal tru kor lenge det varar?). Lørdag og fridag (?) med ein heil masse som skulle vore gjordt - men blir det gjordt. Nope ! Det er alltid så masse anna å finne på......

Akkurat no ligger Martin og Jim på golvet (riktig) og leikar seg med kvar sin tanks. Rop og hyl og leven fra ende til annan. Nesten så ein vurderer å finne på noko utomhus. Men tanken på alt det andre som skulle vore gjordt får ein til å bli sittande inne, og gjøra "ingenting"

Anna er på besøk hos ei veninne, undertegna har vore ein rask tur inn til by'n. Henta bilettar til "Brødrene Løvhjerte" til Anna og meg. "Brødrene Løvhjerte", "Åge Aleksandersen", Anne Kath., "Mascarade" og "Vestlandskoret synger Abba" - vi får vår dose kultur i løpet av høsten. Og så har vi "Annie" oppe til vurdering. Oppi alt dette skal Matin ta "Grønt kort" (golf) og Anna har igjen iallefall 3 fottballturneringar før det blir jul. Ein smule hektisk kan du sei.

I kveld skal Martin i bursdag, ifølge han skal det serverast sushi. Mor i huset er litt skeptisk, både til om det skal serverast og korleis det går. Så det spørst om ikkje det må serverast kveldsmat i heimen før han reiser...

Ja, ja - seier no eg.....

søndag 30. august 2009

I'm singing in the rain

Kunne vore overskrifta, dersom vi hadde vore ute i dag. Var nett ute i dag tidlig å henta avisene. Etter det har Anna og mamma stort sett gjordt ingen ting. Men vi har sett ein god del filmar i dag. Hadde store planar om både Hordnesskogen og Siljustøl, men valgte å holde oss inne. Det regnar ikkje berre litt i dag, men ein heil masse.

"Gutane" i familien har vore i Årdal i helga, (er i skrivande stund på veg heim), og forhåpentligvis har dei med seg eit lass med LP'ar tilbake. Har nemlig gått til innkjøp av platespelar. Ungane var litt usikker på korleis dette funka, Martin "trudde kanskje han hadde sett ein slik på film ein gang".

Vi to "jentene" har - forutan å sjå x-antall filmar - vore på serieturnering (i går). 3 kampar unnagjordt på to timar. Det passa fint i regnværet. Resultatet blei ein seier og to tap. Tap og vinn med samme sinn - det regna stort sett heile tida, men vi var overraskande tørre når vi kom heim.

No er skulen begynt igjen, litt nytt for Martin. Dei er fem 7-klassa, og no er dei begynt å dele dei inn i grupper. Ei gruppe fra kvar klasse er samla opptil fleire timar i veka. Trur han synest det er OK. Anna og dei er no dei eldste på skulen sin, det blir dei forhåpentligvis til dei er ferdig i 7.klassen. Utbygginga av skulen går heilt etter planen, slik alt ny skule står ferdig til skulestart i 2010.

Ellers går no dagane som "vanlig", med skule, jobb, fritid og alt det der. Prøver å få med oss litt turar i helgane, men det er ikkje like lett heile tida. Unnskyldningane er mange for å holde oss heime. Men vi (eg) har starta, så siste veka har eg vore to ganger på Fløien og to ganger på Løvstakken. Må vel ta med at den eine gnagne på Fløien var med bana både opp og ned. Siste gang på Fløien var mor med også, og da vi kom heim var resten av "gjengen" reist på Ulrikken. Så vi satt ein time på trappa vi. Neste gang huskar vi nok på å ta med nøkkel!

Men no trur eg faktisk eg skal kle meg og gå ut i regnet. Finnest ikkje dårlig vær, berre dårlige klær....

tirsdag 11. august 2009

Litt oppdatering.....

Så var det tilbake til "striskjorta og havrelefsa"..... Om ikkje for fullt enno, så iallefall nesten. Martin og Anna er fremdeles på ferie - dei kjem heim torsdag. Og så avsluttar dei ferien sin med konsert. Vi skal på "Halleluja-gutta" (Lind, Nilsen, Holm og Fujentes(?)) på Bergenhus Festning på fredag. Det blir Anna sin første konsert, så det skal bli llitt spennande kva ho synest om det.

Sidan sist har det vore Målrock. Vi skulle vore 6 stykker som reiste fra Bergen men blei berre to. Det er jo fereitid, så det er ikkje like lett heile tida å få det til å gå ihop. Artig var det no lell. Er ikkje godt å sei kva som var kjekkast, musikken eller det å treffa igjen mange gamle kjente. Til og med været var bra.

fredag 31. juli 2009

Long time, no blogg...

Ferietid og avslapping, og ingen nett-tilgang på hytta... Kjekt med unnskyldningar, bortforklaring, eller er det rett og slett mangel på overskudd (les: fantasi)? No er eg iallefall tilbake for fullt. Siste innspurt av ferien pågår. Martin går her og trippar, vi skal på Ikea.Rommet hans skal oppgraderast fra gutt til ungdom (lurer på kva som er forskjellen.....) Største diskusjonen har gått på størrelsen på senga. Men der var mor og fars vilje sterkast (eller er det fordi det er vi som betalar?), så det blir ei vanlig 90 seng. Skulle berre mangle, han er berre 12!

Vi kom heim fra ferie i går kveld, Anna er igjen i Øvre. Og har det "egentlig veldig bra" som ho sjølv sa det i dag. Forutan ein tur til Oslo (med innlagt besøk på Tusenfryd), og ei helg med 40-års feiring i Årdal, har vi vore på hytta heile ferien. Og fått gjordt ein del forefallande rydding og nødvendig vedlikeholdsarbeid (les: ny TV og skikkelig antenne). Anna har fått sin første fisk på eiga fiskestang, den var på ca 240 gram. Fangsten blei heller skral for far og storebror. Om mor fiskar, nei. Eg har ikkje fiskestang eg.....

Ellers var vi som sagt i Oslo. Overnatta på Plaza, og det er jo ikkje akkurat byens beste strøk. Martin er iallefall klar på at til Oslo skal han ikkje meir enn høgst nødvendig. Vi hadde rom med utsikt direkte til eit av Oslo's narkostrøk. Og dei såg jo litt av kvart når vi gikk til og fra. Men kanskje det har prevantiv virkning! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko - ikkje sant. Oppsummering fra ferien kan fort bli lang og kjedelig, nøyer oss med å fortelle at vi var på Heimevernsmuseet, Operaen, Tusenfryd,Teknisk Museum (det var ein einaste stor positiv opplevelse), Tryvann, Frognersetra. Vi var på Grini, som i dag er Ila Landsfengsel. Anna var litt usikker når vi fortalde at jo, det er "ordentlige" fangar som sitter bak den muren. Både tjuvar og mordarar.....