lørdag 20. juni 2009

Ei hektisk veke

Endelig kveld, og nesten stille i huset. Iallefall så stille det kan få blitt med to ungar + ein overnattingsgjest. Vi er nett innkommne alle sammen - har vore på St.Hans feiring i borettslaget. Men grilling, leikar og sosialt samvær. Og best av alt, sola skein også. Temperaturen gidd vi ikkje skrive om, men den skal vist vere på stigande utover i neste veke.

Veka som har gått har bestått av to skuleavslutningar, to bursdagsbesøk for Anna + at Martin har feire bursdagen sin (det vart eit kapittel for seg) Og Jim som har vore på reis sidan tirsdag kveld. Eg og Anna møtte han i døra da vi kom heim fra turen til Årdal/Lærdal. Litt hektisk kan du kanskje sei. Men vi kom no i havn denne gangen også.

Resten av helga er planlagt til planlegging av bursdagsfesten til Anna. Og til å skru sammen skrivebord og hyller til mitt "kontor". Det er på tide å komme seg vekk fra spisebordet med PC, blogging, nett bank, møtereferat og FAU oppgaver. Og alt kaoset som følger med...

Ungane har att 3 dagar på skulen før det blir ferie på dei. I neste veke skal Anna på "svømme-skule", fra 15 til 17 i fem dagar. Med både "teori" og praksis. Iflg ho sjølv så trenger ho ikkje kurset, men mor i huset meinar at ho treng å lære meir. For å bli ein bedre svømmar. Og veka etterpå er det fotballskule, på begge to.

søndag 14. juni 2009

Ei helg fylt med fotball

Kort oppsummering av helga: fotball i 9-års klassen fra fredag til søndag. Og avsluttning med Brann - Lyn på Stadion. Og med stigning i programmet heile vegen.

Vi reiste til Voss fredag ettermiddag. Kjørde i kø omtrent heile vegen, men det gikk overraskande bra. Ankom Voss etter vel to timar i bilen. Etter litt leiting fann vi fram til losjiet vårt. Eit "artig" hus må eg få sei. Eit hus fylt av trapper, halve etasjer, vinklar, krikar og krokar. Og alvorlig masse rart. Men greitt nok til å sove i. For neste år har vi alt satt oss på venteliste til Bavallen.

Laget til Anna hadde sin første kamp fredag kveld kl 20:30. Resultatet blei ikkje det aller beste, dei tapte 6-2. Lørdak starta med kamp kl 10:30. Nok eit tap; 5-2, så det var framgang. Dette var einaste kampen "vår" på lørdag, så restena av dagen gikk med til sosialt samvær med dei andre på laget.

Søndag var det utpakking fra "kråkeslottet" , og ny kamp kl 11. Da var bestemor og bestefar på Hæreid også kommen på tilskuarlinja. Det blei nok eit tap, men berre med 1-0 denne gangen. Ein god kamp, både på og utanfor bana. Så alt låg til rette for at det statistisk sett skulle bli seier i siste kampen. Og det blei det! 5-1 vann dei, sjølv om vi på sidelinja kun fikk med oss 4 scoringar. Det er slik i denne aldersklassen at når eit lag ledar med 5 mål, så får det andre laget inn ein ekstra spelar. Og brått var det 6 gule mot våre 5 blå på bana. Vi skjøna ingen ting, heller ikkje lagledaren vår. Men ein kort samtale med dommaren oppklarte dette for oss. Vi leda med 5 mål, så alt var riktig.

Etter at kampen var slutt var det berre å hive seg i bilen. No var det kampen Brann - Lyn som stod på plakaten. Iallefall for mor og Martin. Ein god kamp, som enda med seier 2-1 til Brann. Og no ligger alt til rette for ei ny veke!

søndag 7. juni 2009

Heime igjen...

Så var vi heime igjen. Etter ei veke i Spanias sol og varme. Nærmare bestemt i Orihuela Costa, ca 1 mil fra Torrevieja. Dette var første gang i Spania for oss alle fire. Det frisat så absolutt til gjentagelse. Sjølv om Anna vart litt skuffa med ein gang. Det var ikkje så grønt og fint som ho hadde forestillt seg. Bildet til venstre viser utsikten fra leiligheiten vår. Leiligheitskomplekset hadde ein park rett over gata, den blei vedlikeholdt av engelske fastbuande. Omtrent mitt i parken gikk ein usynlig bein strek - og på andre sida av den streken var det ingen park. Berre ei stor svidd slette uten farge av noko slag. Og på andre sida av den svidde sletta låg lokalbutikken vår. Der kunne
du m.a. få TORO tomatsuppe til den nette pris av ca 45 kr. Så den stod vi over. Men neste gang tar vi med oss slike posar.
Bading blei fort ein hovedaktivitet. Både i bassenget og i havet. Vi budde litt langt fra stranda - ein spasertur på 1/2 time og det var ikkje alle som var like begeistra for den turen. Så da blei bassenget som ligger inne på "leiligheits-området" flittig benytta. Det var ikkje så mange andre der, stort sett engelske pensjonistar som svømte nokre lengder i bassenget og gikk igjen. Og slik gikk no dagan....


Siste dagen var vi på eit lokalt marked. Og der lærte vi å prute! Det var egentlig litt artig. Eine naboen vår advarte mot varer som ikkje var forhåndsprisa - og overivrige selgarar. Det siste blei vi forkåna for, det første førte til pruting. Vi handla både eitt og hitt av både nyttige og minde nyttige saker og ting. Gata var vel 1 km lang, med boder på begge sidene. Her kunne du få kjøpt alt fra smykker, klokker og T-skjorter. Til frukt og grønnsaker, og verktøy. For å nevne noko.
Temperaturen låg på oppunder 30 grader kvar dag. Meir enn varmt nok for oss fra "det kalde nord". Søndag var det ei lita regnbyge også, men for oss som er busatt i Bergen var ikkje den noko å snakke om, vi merka den ikkje. Solbrent, utkvilt og med masse inntrykk kom vi heim seint i går kveld. Allerede begynt å planlegge neste tur!