søndag 29. mars 2009

Klokka ringer litt tidligare enn vanlig på ein søndag, helst på grunn av sommartid, seint i seng og tidlig opp. Men og at vi skal på skidag. I Eikedalen. Og når ein heil bataljon skal ut av huset samtidig, få med seg pikk og pakk og smått og stort går det ofte ikkje fort nok. Men brått var alle i bilen og turen gikk mot Eikedalen.

Omtrent før Hopstunnelen kom første spørsmål om vi snart var framme. Etter enno ein stund kom dei første meldingane om kvalme og bilsjuke. Det gikk heilt fint til vi var 5 minutt fra målet. Da blei det "brå-stopp" og lett reingjøring. Veit de forresten av det er plass til både det eine og det andre, bokstavelig talt inni døra. Det er utrulig kva som "smetter" ned rundt glaset!

Etter ein kort pit-stopp i vegkanten kunne vi holde fram, og litt etter forventa ankomst var vi på plass. Mor i huset henta heiskort medan far og dei to litt yngre skulle leige ski. Så langt, all vel.

"Desse skoa kvisar meg" - der er vi igang. Nytt forsøk med større sko, denne gang OK. "Hjelmen er alt for stor".... løysinga blir å ha på huva under hjelmen. Ut døra, opp til heisen og på med "instruksjonsnummert". "Eg vil ikkje" - talen er klar. "Du må iallefall ta eit par turar". Etter litt overtalelse og lokking er alt klart. Må berre vente på far i huset, det er han som har heiskortet. "Nei, det ligger i pengaboka, som du nett har hatt ned i bilen". "Mannfolk!" , fresa mor i huset og trampar ned att til bilen. Og opp att i samme tempo. Fikk iallefall jentungen avgårde. Innsatsen var vel ikkje så mykje å skryte av i starten. Kroppsspråket sa det meste. Men ho var i gang.


Etter tilmålte tre turar var det over. No var gode råd dyre. Den lyse ideen var at far i huset også trengte hjelp, men han syntes det var litt flaut. Jentungen tente på ideen om at ho skulle få tak i instruktør, og så kunne far "henge seg på". Deretter gikk det som smurt. Ho fikk ein veldig flink instruktør - og etter eit par turar med følge i heisen greidde ho seg sjølv - der. Det tok litt lengre tid med nedfarten, men det kom absolutt der og. Og snart var ho klar for å kaste "instruksjonsnummert". Blei nesten litt fornærma da instruktøren kom og ville hjelpe ho etter at ho hadde "kasta" nummeret. Ho kunne dette ho, nemlig! Da tida nærma seg for å reise heim att var det "nett ein til tur, mamma", opptil fleire ganger. Og med klare ambisjonar om å bli verdensmestar om nokre år.

Da vi var vel heime, var alle enige om at det hadde vore ein fin tur. Også han som nesten gav mor si hjertestans da han kom i full fart ned ein bakke, med retning "service-teltet". Han tok ikkje hensyn til at det var to år sidan sist han hadde hatt alpin-ski på beina! Det gikk heldigvis bra med både guten, teltet og mora. Vi gledar oss allerede til neste år

tirsdag 24. mars 2009

5 minutt til overs...

Det er ikkje alltid like lett å finne ledig tid, og i tillegg skal den jo helst brukast til noko fornuftig også. Så kan det jo diskuterast kor fornuftig det er å sitte slik og skrive om tida som alt har gått....

På lørdag var Anna på fotballturnering - Varegg Cup. Resultatet etter 3 kampar var vel ikkje all verden, men "vi var dei flinkaste til å sentre", sa Anna. "Var vi på samme kampane?" sa far i huset. Det viktigaste er no at ho hadde hatt det kjekt., og det aller kjekkaste er å få medalje og diplom. Samlingen (av pokalar og medaljar) er begynt å ta seg opp no. Ho spelar med gutane på klassetrinnet sitt, det er for få jenter som vil spele til at dei har eige lag. No er ho snart den einaste som er igjen - det er opptil fleire som har vore innom laget ein tur, men som så har gitt seg. Ho driver no og gjør seg klar til karate-trening. Ikkje akkurat frivillig, men har ho først begynt, så får ho vere ut "sesongen". Av belter er ho kommen til "gult to". Dvs belte med to gule striper.

Bestefar Lars var på besøk i forrige veke, vi hadde bruk for barnevakt. Og sidan bestemor Annlaug for tida er i Qatar passa det fint at han tok ein tur til by'n. Når han først var her, benytta dei vaksne i familien anledningen til å vere litt kulturelle - gå på kino. "Menn som hater kvinner". Kan anbefalast!

Martin er nesten ikkje i hus om dagane, det er ikkje godt å sei kva han og kompisane styrer med ute. 12-åringar (nesten) forteller ikkje lenger alt til mor. I morgon skal vi på orienteringsmøte på skulen ang leirskuleoppholdet dei skal på. Avreise 18 mai, og målet er Balestrand. Både veka før og veka etter er det kjentfolk fra Årdal der. Gamle klassen hans skulle egentlig ha vore der samme veka, men dei bytta pga at lærarane på Tangen skal på kollegatur. Skal bli spennande å sjå korleis det går. Må innrømme at i mitt hode så er Balestrand ein ferjekai og eit veg-kryss. Eg ymta frampå at eg kunne vere med dersom det var behov for å ha med foreldre, og fikk grei beskjed om at det blei ikkje aktuelt. Ikkje i heile tatt!

Veka har hittil vore i strålande sol - men kor lenge varar det?

onsdag 18. mars 2009

No er våren her....

No er våren her. I beddet - rettelse - plenen, poppar det opp både snøklokker og krokus i gult og blått. Har egentlig prøvd å bli kvitt dei i fleire år, men det virkar ikkje. If You can't beat them, join them! Så blomstrane får stå dei. For våren likar vi!
Da er det verre med allergien til Martin som slår ut i full blomst. Og medisinen virkar ikkje. Da er det godt at det er fleire enn ein i huset som har allergimedisin. Slik at iallefall augene blir åpna igjen.

Mor i huset har vore på FAU møte i dag. Foreldrenes ArbeidsUtvalg. På skulen til Anna. Den store saken der for tida er skuelutbygging. Skulen skal utvidast fra 1-4 skule til 1-7 skule. Og den skal stå ferdig høsten 2010. Men det er nybygget, deretter skal eksisterande bygg renoverast. Og det er i eksisternade bygg Anna og hennar klassekameratar skal holde til. Så vi er veldig spente på om dei får vere i nybygget første halve året i 5.klasse, eller om dei må flytte ned på Skjold. Vi kryssar fingrane og håpar dei slepp å flytte, og iflg rektor så er det god plass i nybygget til dei det 1/2 året det tar å bygge om eksisterande bygg.

mandag 16. mars 2009

Det var den første...

Så var sesongstarten over. Virkelig over! Vi skynda oss heim fra fotballtreningen til Anna, og for kva? Jo - for å sjå "laget vårt" spele god og underholdande fotball. Men der blei vi lurt gitt. I dag var nok Bjarg Titan 2000 (laget til Anna) bedre både i innsatsvilje og tel enn det Brann var. Men sesongen er nett starta og den er lang, så "vi" blir nok bedre. Ikkje sant?


Foto: BA

Ellers skjer det ikkje så mykje her for tida. Det er så lite at vi har litt tid til overs - så da ryddar vi. Gud hjelpe meg kor mykje rart vi greier å samle! Men vi er begynt å bli disiplinerte - dvs flinke til å kaste. Og det er nesten slutt på alt som heiter sentimalitet når det gjelder å ta vare på ting og tang. Er vi i det minste tvil så kastar vi. Nemlig!

I morgon kjem bestefar i Øvre på barne-vakt besøk. Innimellom er logistikken litt kronglete og innvikla, så da er det fint å kunne tilkalle assistanse.

torsdag 12. mars 2009

Snart helg - helgeværet


Dette er Hemsedalsfjellet fredag 27.februar om kvelden. I -12 grader


Været, det er alltid masse å sei om været. Denne veka har vi hatt både eitt og hitt med vær. Onsdag morgon f.eks så var det klink is i vegane. Så da blei det buss og ikkje sykkel til skulen for Martin & co. I løpet av dagen snudde været, og det blei riktig så vårlig og fint. I dag var det igjen åpne sluser og masse nedbør. Og det været har vi enno høyrer eg! Men det skal bli letter - etterkvart blr det sagt.

Det er no stille og rolig i huset. Anna sover, sliten etter dagens fotballtrening. Heldigvis innandørs på torsdagane. Martin sitter og leser i ei nyinnkjøpt bok. Ellers blir det ikkje utøvd dei heilt store aktivitetane. Vi er vel i helgemodus alle saman.



Årdal -Tyin tirsdag 03.mars sånn midt på dagen

Martin sliter litt med ein fot, han klatra litt for mykje rundt omkring i vinterferien. Det har resultert i ein plagsom hæl. Han må no ta det med ro i to-tre veker, og så får vi håpe det rekker med det.

I helga er det seriestart i fotball, så no blir det spennande framover. "Vi" har jo ny trenar av året, og det kan bli riktig så spennande..... håpar vi!

mandag 9. mars 2009

Supertilbud....

Supertilbud - stod det. Og du er ein av ytterst få utvalgte som får det. Fått dei du og, seier du? Og ikkje greidd å sei nei. Trøsta får være at vi er mange i samme selskap. For litt sidan fikk eg tilbud om å abonnere på bladet "iForm", og få på kjøpet ein trenings DVD og valgfritt treningskle (til spinning!!!) eller eit eller anna ant treningshjelpemiddel. Nei, tenkte eg, ingen ting å ha. Og kasta heile tilbudet.

Men hjalp det - å nei da. Heime hjå ho mor kom eg over samme tilbudet - og denne gangen kasta eg meg rundt og bestillte - på nett, og med ein gang- sånn at eg var sikker på at eg ikkje ombestemte meg. Måtte enda til endevende papirdunken for å få tak i all informasjon om tilbudet. Høyres vel sånn passe desperat ut. Men det er jo snart sommar og såkalla bikini-sesong. Så da gjør ein det som må til, ikkje sant? Det skal ihvertfall ikkje stå på utstyret.

Og brått var dagen der med pakke i posten, DVD, blad og alt det der. Stod masse fint i bladet - lett og lese var det og. Gode idear til både det eine og det andre. Her stod det korleis du skal få flat mage, stram rumpe, sterke armar - you name it. Men - for det er alltid eit men. Korleis skal ein finne inspirasjon til å få alt det der (flat mage, stram rumpe, sterke armar ). Det står det ingen ting om. Fine ord er vel og bra det, gjør datt, allier deg med datt - finn treningskompis både her og der. Skal eg sei deg noko - DET VIRKAR IKKJE!!!

Kleda har eg ikkje prøvd enno, dei henger no rundt omkring. DVDen har eg faktisk sett gjennom og testa, alt for tidkrevande. Du kan ikkje forvente at eg skal flytte salongbordet for å få bedre plass til å drive styrketrening? Og ein DVD er ikkje brukbar dersom du ikkje har nær tilgang til TVen. Og PCen har for liten skjerm. Så mykje for det tilbudet.

Redningen kjem i form av ein god kollega og brukbart treningsrom på arbeid. Kor ofte vi har vore der? Ikkje spør, men det er vel ganske innlysande at det ikkje kan bli ofte nok?

Er det nokon som kjenner seg igjen?

søndag 8. mars 2009

Så var det søndag igjen......

Søndag er ukeslutt, eller er det ukestart? Iallefall, det har vore vinterferie - med kjøyring både hit og dit, og hit igjen. Det var hyttetur, årdalstur, jobb og opera, så utvida årdalstur - "stress" tilbake for å gå på teater. "Folk og røvere i Kardemommeby". Er ikkje brått sikker på om det var ungane eller eg som hadde mest lyst til å gå. Men kosa oss gjorde vi no alle sammen. Og pizzaen på Dolly Dimples etterpå smakte også godt. No er ungane blitt så store at snart må vi ha meir enn ein stor pizza om alle skal bli mette.

Dagen i dag har stort sett blitt brukt til ingen ting. Og det er vel slik søndagane skal brukast?

onsdag 4. mars 2009

Madame Butterfly - og vinterferie

I dag har eg prøvd noko eg lenge har hatt lyst til. Eg har vore på opera - på "Madame Butterfly". Det svarte absolutt til forventningane. Eller det blir litt feil å sei, for eg hadde egentlig ikkje nokon forestilling om korleis dette kom til bli. Har berre eit bilde i hovudet av Julia Roberts på opera i filmen "Pretty Woman". Det var ikkje heilt den samme glamoren her da (gamle Forus Kino i Bergen er , ja, gammal....) Men opplevelsen vil eg tru er den samme. Hos Julia Roberts trilla tårene, eg nøyer meg med gåsehud. Dette var ein opplevelse som absolutt frista til gjentagelse. Skal bli spennande å lese kva avisene skriver i morgon.
















Denne veka er det vinterferie. Vi har vore nokre dagar på hytta, berre slappa av og kosa oss. Været var stort sett bra det. Vakna til -25 grader lørdag morgon, sola var på veg men likevel, det er på slike dagar du ikkje gledar deg til å stå opp. For du veit at før eller sidan må du ut ein viss plass, og den gode gamle utedoen er ikkje plassen å vere i -25 grader!

Da er det kjekkare med snøballkrig! Jentene mot gutane, innsatsen er stor, men treffprosenten seier vi ikkje så mykje om. Litt mangel på skikkelig "snøball-snø"var det, men leita vi litt rundt så fann vi den også. Treffsikkerheiten var heller dårlig i snøballkasting, men vi tok det igjen under bueskytingen. Kven som vann? Er det nødvendig å spørre?