onsdag 4. mars 2009

Madame Butterfly - og vinterferie

I dag har eg prøvd noko eg lenge har hatt lyst til. Eg har vore på opera - på "Madame Butterfly". Det svarte absolutt til forventningane. Eller det blir litt feil å sei, for eg hadde egentlig ikkje nokon forestilling om korleis dette kom til bli. Har berre eit bilde i hovudet av Julia Roberts på opera i filmen "Pretty Woman". Det var ikkje heilt den samme glamoren her da (gamle Forus Kino i Bergen er , ja, gammal....) Men opplevelsen vil eg tru er den samme. Hos Julia Roberts trilla tårene, eg nøyer meg med gåsehud. Dette var ein opplevelse som absolutt frista til gjentagelse. Skal bli spennande å lese kva avisene skriver i morgon.
















Denne veka er det vinterferie. Vi har vore nokre dagar på hytta, berre slappa av og kosa oss. Været var stort sett bra det. Vakna til -25 grader lørdag morgon, sola var på veg men likevel, det er på slike dagar du ikkje gledar deg til å stå opp. For du veit at før eller sidan må du ut ein viss plass, og den gode gamle utedoen er ikkje plassen å vere i -25 grader!

Da er det kjekkare med snøballkrig! Jentene mot gutane, innsatsen er stor, men treffprosenten seier vi ikkje så mykje om. Litt mangel på skikkelig "snøball-snø"var det, men leita vi litt rundt så fann vi den også. Treffsikkerheiten var heller dårlig i snøballkasting, men vi tok det igjen under bueskytingen. Kven som vann? Er det nødvendig å spørre?








1 kommentar: