tirsdag 24. februar 2009

Ein heilt vanlig tirsdag

Været i dag minner ikkje så mykje om vinter. Regn og grått . Litt kaldt også, så det er godt å ha ein god "veaovn" i stova. Men det er forhåpentligvis ikkje så alt for lenge før våren er her. Og med påfølgande sommar, sol og varme.

På ein heilt vanlig tirsdag er det karate som står på programmet (for Anna). Ho har trent karate i litt over eit år no, og har belte med to gule striper. Entusiasmen og interessene er variabel, men ho har likevel lyst å til slutt greie svart belte.

Vinterferien rykker stadig nærmare. Martin har hatt "oppvarming" i dag, med skidag til Furedalen (på Kvamsskogen). Været har vel ikkje vore det aller beste, men det virka som dei hadde hatt ein OK tur. Største problemet var vel skoa som strengt tatt er eit nr for små (vekker dårlige minner fra eigne turar i for små ski-sko.... not good). Så anten vi likar det eller ikkje, guten må få seg nye sko. Og til før vi kjøper dei, til fleire ganger får han brukt dei - før det igjen blir skiturar med for småe sko. Ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar