tirsdag 24. mars 2009

5 minutt til overs...

Det er ikkje alltid like lett å finne ledig tid, og i tillegg skal den jo helst brukast til noko fornuftig også. Så kan det jo diskuterast kor fornuftig det er å sitte slik og skrive om tida som alt har gått....

På lørdag var Anna på fotballturnering - Varegg Cup. Resultatet etter 3 kampar var vel ikkje all verden, men "vi var dei flinkaste til å sentre", sa Anna. "Var vi på samme kampane?" sa far i huset. Det viktigaste er no at ho hadde hatt det kjekt., og det aller kjekkaste er å få medalje og diplom. Samlingen (av pokalar og medaljar) er begynt å ta seg opp no. Ho spelar med gutane på klassetrinnet sitt, det er for få jenter som vil spele til at dei har eige lag. No er ho snart den einaste som er igjen - det er opptil fleire som har vore innom laget ein tur, men som så har gitt seg. Ho driver no og gjør seg klar til karate-trening. Ikkje akkurat frivillig, men har ho først begynt, så får ho vere ut "sesongen". Av belter er ho kommen til "gult to". Dvs belte med to gule striper.

Bestefar Lars var på besøk i forrige veke, vi hadde bruk for barnevakt. Og sidan bestemor Annlaug for tida er i Qatar passa det fint at han tok ein tur til by'n. Når han først var her, benytta dei vaksne i familien anledningen til å vere litt kulturelle - gå på kino. "Menn som hater kvinner". Kan anbefalast!

Martin er nesten ikkje i hus om dagane, det er ikkje godt å sei kva han og kompisane styrer med ute. 12-åringar (nesten) forteller ikkje lenger alt til mor. I morgon skal vi på orienteringsmøte på skulen ang leirskuleoppholdet dei skal på. Avreise 18 mai, og målet er Balestrand. Både veka før og veka etter er det kjentfolk fra Årdal der. Gamle klassen hans skulle egentlig ha vore der samme veka, men dei bytta pga at lærarane på Tangen skal på kollegatur. Skal bli spennande å sjå korleis det går. Må innrømme at i mitt hode så er Balestrand ein ferjekai og eit veg-kryss. Eg ymta frampå at eg kunne vere med dersom det var behov for å ha med foreldre, og fikk grei beskjed om at det blei ikkje aktuelt. Ikkje i heile tatt!

Veka har hittil vore i strålande sol - men kor lenge varar det?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar