onsdag 18. mars 2009

No er våren her....

No er våren her. I beddet - rettelse - plenen, poppar det opp både snøklokker og krokus i gult og blått. Har egentlig prøvd å bli kvitt dei i fleire år, men det virkar ikkje. If You can't beat them, join them! Så blomstrane får stå dei. For våren likar vi!
Da er det verre med allergien til Martin som slår ut i full blomst. Og medisinen virkar ikkje. Da er det godt at det er fleire enn ein i huset som har allergimedisin. Slik at iallefall augene blir åpna igjen.

Mor i huset har vore på FAU møte i dag. Foreldrenes ArbeidsUtvalg. På skulen til Anna. Den store saken der for tida er skuelutbygging. Skulen skal utvidast fra 1-4 skule til 1-7 skule. Og den skal stå ferdig høsten 2010. Men det er nybygget, deretter skal eksisterande bygg renoverast. Og det er i eksisternade bygg Anna og hennar klassekameratar skal holde til. Så vi er veldig spente på om dei får vere i nybygget første halve året i 5.klasse, eller om dei må flytte ned på Skjold. Vi kryssar fingrane og håpar dei slepp å flytte, og iflg rektor så er det god plass i nybygget til dei det 1/2 året det tar å bygge om eksisterande bygg.

2 kommentarer:

  1. det er bra at anna sin medesin virka

    SvarSlett
  2. Håper Anna slepp å byta skule og at de får bukt med familiealergien.

    SvarSlett