mandag 9. mars 2009

Supertilbud....

Supertilbud - stod det. Og du er ein av ytterst få utvalgte som får det. Fått dei du og, seier du? Og ikkje greidd å sei nei. Trøsta får være at vi er mange i samme selskap. For litt sidan fikk eg tilbud om å abonnere på bladet "iForm", og få på kjøpet ein trenings DVD og valgfritt treningskle (til spinning!!!) eller eit eller anna ant treningshjelpemiddel. Nei, tenkte eg, ingen ting å ha. Og kasta heile tilbudet.

Men hjalp det - å nei da. Heime hjå ho mor kom eg over samme tilbudet - og denne gangen kasta eg meg rundt og bestillte - på nett, og med ein gang- sånn at eg var sikker på at eg ikkje ombestemte meg. Måtte enda til endevende papirdunken for å få tak i all informasjon om tilbudet. Høyres vel sånn passe desperat ut. Men det er jo snart sommar og såkalla bikini-sesong. Så da gjør ein det som må til, ikkje sant? Det skal ihvertfall ikkje stå på utstyret.

Og brått var dagen der med pakke i posten, DVD, blad og alt det der. Stod masse fint i bladet - lett og lese var det og. Gode idear til både det eine og det andre. Her stod det korleis du skal få flat mage, stram rumpe, sterke armar - you name it. Men - for det er alltid eit men. Korleis skal ein finne inspirasjon til å få alt det der (flat mage, stram rumpe, sterke armar ). Det står det ingen ting om. Fine ord er vel og bra det, gjør datt, allier deg med datt - finn treningskompis både her og der. Skal eg sei deg noko - DET VIRKAR IKKJE!!!

Kleda har eg ikkje prøvd enno, dei henger no rundt omkring. DVDen har eg faktisk sett gjennom og testa, alt for tidkrevande. Du kan ikkje forvente at eg skal flytte salongbordet for å få bedre plass til å drive styrketrening? Og ein DVD er ikkje brukbar dersom du ikkje har nær tilgang til TVen. Og PCen har for liten skjerm. Så mykje for det tilbudet.

Redningen kjem i form av ein god kollega og brukbart treningsrom på arbeid. Kor ofte vi har vore der? Ikkje spør, men det er vel ganske innlysande at det ikkje kan bli ofte nok?

Er det nokon som kjenner seg igjen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar