søndag 24. mai 2009

Avslapping - eller oppladning?

4 fridagar går fort, det er nesten som du ikkje merkar at dei er der. Men du kan jo sove litt lenger på morgonen. Iallefall kan du prøve - vi vakna nesten til vanlig tid på "himmelspretten". Eller dvs vi blei vekt - av telefonen. Det var Martin som ringde fra leirskulen, og lurte på kva vi dreiv med! Jo, sidan vi har fri så sover vi her i huset. Opsann, nei det hadde han vist gløymt. Han hadde det iallefall kjekt i Balestrand. Og no sneik han seg til å ringe før frokost og alle andre aktivitetar.

Da han kom heim dagen etterpå var han totalt utslitt, og sov i bortimot 4 timar på ettermiddagen! Det tar på å vere på leirskule, med fisking, båtliv og sjøluft heile dagen. Sognebåten var inne på Strandkaien 11:45, så i forbindelse med henting av 1 stk utslitt 6.klassing tok Anna og mor i huset ein liten bytur også. Tidlig opp og med bussen inn til by'n. I akkurat sånn passe "åpningstid tid". Favoritten denne dagen var sjokoladebutikken som ligger i inngangen på "Galleriet".

Eller var Marit innom ein tur på fredagen. Ho går 7-fjellsturen i dag. Vi berre snakkar om at vi skulle ha gjordt det. Får sei som vi har sagt tidligare år - til neste år går vi. Iallefall 4-fjellsturen. Det er berre det at den kjem så brått på kvart år......

Familietrimmen denne helga får vere fotball. Anna sitt lag har hatt serieturnering igjen. På Liland denne gang. Været blei bedre og bedre utover dagen, noko som ein rød skalle vitnar om. Solkrem? Kva er no det? Anna var med på 6 kampar, og resultatet blei 3 tap og 3 sigrar. Neste no blir Vossacup 12 - 14 juni. Slik at vi rekk å hente oss inn att....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar