tirsdag 12. mai 2009

Den tida, den tida.....

Tida går så fort no for tida at ein rekk nesten ikkje nokon ting. Er det ikkje eitt som skjer, så er det hitt. Og no er det snart 17 mai. Vi er vist lovt fint vær, og det har vi jo ikkje ilt av. Etter påske har vi hatt meir eller mindre fint vær heile tida. Iallefall om vi gløymer forrige veke med opptil 4 årstider pr dag.

Sidan "sist" har vi vore ein tur til Årdal og "feira" både 1.mai og bursdagar. Vi har hatt besøk av eit par besteforeldre, vore med på turløpet "Lysøen Rundt" og ellers alt som følger ein heller travel kvardag.



Og no fikk også bestemor på Hæreid oppleve Lysøen. Anna på si side er litt småfrustrert over at "ingen" veit kor Lysøen er. Men det er altså øya til Ole Bull. Da blei ho desto meir fornøgd med at ho vann på startnummeret. Mega kry blei ho.

Vi har også fått med oss "Annie-oppsetning" på klassetrinnet til Anna. Dei er rett og slett kjempeflinke! Alle skulle stille i "gamle kle" (alt er jo relativt...), så Anna var dressa opp i skjørt og vest etter mor si. Som mor mi sydde til meg da eg var 12 år gammal. Tydelig bevis på at eg har vore liten ein gang eg og.

Årets første tryning på sykkel har vi også vore innom. I dag ligger Martin heime med eit sterkt forslått kne, og eit litt mindre forslått kne. Og det kan sjå ut som han må få ny hjelm. Men det er kjekt å sjå at dei tek vare på kvarandre også i 12-års alderen. Det var kompisane hans som ringte og varsla ho mor. Dei var på veg til skulen da uhellet var ute, så Martin måtte hentas.

Anna fikk da sin "deby" som ansvarlig for å komme seg på skulen. Det greidde ho fint - ho gjorde alt ho hadde fått beskjed om. Og sidan mor i alt stresset gløymde å nevne ta med nøkkel og lås døra, så var døra selfølgelig ulåst og nøkkelen låg igjen heime. Men ho kom seg avgårde iallefall.

2 kommentarer:

  1. Anna tryna på laurdag så vidt eg hugsar.
    Elles ynskjer eg Martin god bedring. Vi skulle nok ikkje ha reist heim i går nei.

    SvarSlett
  2. Eg gløymde å sei at det var ein flott tur.
    Bilete var bra det og.

    SvarSlett